Lenke til «den gode henvisning»
Fra nasjonal fagleg retningslinje for utgreiing og behandling av bipolare lidingar:
«I allmennpraksis bør ein mistenkje bipolar liding både når pasientar kjem med symptom på heva og seinka stemningsleie. Ein bør også ha bipolar depresjon i mente dersom tidlegare velfungerande tenåringar eller unge vaksne får symptom på panikkliding eller sosial fobi.
Ved symptom på heva stemningsleie i form av hypomani, mani eller blanda episode hjå ein pasient som tidlegare ikkje har fått stilt nokon bipolar diagnose, skal pasienten visast vidare til spesialisthelsetenesta for diagnostikk.
Dersom pasienten har depressive plager, er det vanskelegare å vite om det dreier seg om ei bipolar liding. Det finst ingen symptom som sikkert kan skilje mellom bipolare og andre depresjonar, men oversikta under kan vere til hjelp.
Symptom og teikn ved depresjon som styrkjer mistanken om bipolar liding
- Observert åtferd
- psykomotorisk retardasjon
- Rapporterte symptom
- redusert evne til å reagere kjenslemessig som er meir uttalt enn subjektiv depresjon
- sterkt auka behov for søvn, trøytt sjølv om ein søv mykje
- døgnvariasjon, kjenner seg lettare seint om kvelden
- sterk angst, særleg panikkåtak
- Somatiske symptom
- migrene frå ung alder
- parestesiar som ikkje skuldast nevrologisk sjukdom
- Sjukehistorie
- velfungerande mellom episodane, ressursperson
- depressive episodar med debut før 20 år
- brå start på depresjonen, deprimert utan klar grunn
- episodisk panikkliding, sosial fobi eller hypokondri
- episodisk åtferdsforstyrring eller ADHD-liknande åtferd som barn eller ungdom
- episodisk overaktivitet eller andre hypomane symptom som varer éin til tre dagar
- Slekt
- bipolar liding hjå nær slektning
- nær slektning som har fått ECT for depresjon
- opphoping av sjølvmord hjå nære slektningar
Depresjonsdiagnosen bør uansett vere kriteriebasert. I tillegg er det tilrådd å vurdere depresjonsdjupna med eit spørjeskjema. Montgomery-Åsberg Depression Rating Scale (MADRS) er eigna til dette og kan også vere til hjelp for å vurdere effekten av behandlinga. Skåre over 20 poeng vil oftast svare til eit depressivt syndrom av moderat intensitet. MADRS bør ikkje brukast som eit diagnostisk instrument, for det er fullt mogleg å skåre høgt på MADRS utan av den grunn å ha ein behandlingskrevjande depresjon. MADRS fangar ikkje godt opp symptom på somatisk syndrom og kan gi falsk låg skåre ved bipolar depresjon.
Inventory of Depressive Symptomatology (IDS) er eit mindre brukt, men meir veleigna verktøy til å gradere depresjonsdjupna med, ettersom det kartlegg fleire symptom, ikkje minst dei som er til stades ved somatisk syndrom.
Ved depresjonar er det viktig at ein alltid stiller spørsmål om døgnvariasjon, episodisk overaktivitet og tidlegare oppstemde episodar. Ein bør også forhøyre seg om personen har periodisk funksjonssvikt. Maniar får ein som oftast opplysningar om, ettersom dei er lette å kjenne att og fører til klar funksjonssvikt. Hypomaniar er det vanskelegare å identifisere i ettertid, fordi personen sjølv kan ha ein tendens til å oversjå eller bagatellisere dei.
Bruken av spørjeskjema til sjølvutfylling er omstridd, og ein har ikkje validert skjema for identifisering av bipolare lidingar i allmennpraksis. Pasienten skal alltid visast til spesialisthelsetenesta for diagnostisk vurdering når ein mistenkjer bipolar liding.»