Hovudmål
Vi vil yte spesialisthelsetenester til menneske som treng det, slik at dei kan få auka livskvalitet og betre helse. Dette skal vi oppnå gjennom god utgreiing og behandling, utdanning av helsepersonell, forsking samt gjensidig opplæring mellom tilsette, pasient, pårørande og relevante instansar.
Jæren DPS
Strategi
- Vi skal tenke nytt, vere fagleg oppdaterte og bidra til vidare utvikling.
- Vi skal systematisk søke ny læring gjennom å våge å utforske det som er vanskeleg å få til.
- Vi skal heile tida søke eit endå betre arbeidsmiljø.
- Vi skal heile tida søke etter miljøforbetringar.
Verdiane våre
Vi vil vere:
Respektfulle
Opne
Modige
Last ned strategiplan (folder, PDF)